close
Hopp til innhald

Dublin Castle

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Dublin Castle
BERJAYA
StadDublin
Skipa1204
Kart
Dublin Castle
53°20′35″N 6°16′03″W / 53.343109°N 6.267394°W / 53.343109; -6.267394
BERJAYA
Mellomaldertårnet i Dublin Castle står ved sida av bygningar frå 1700-talet.

Dublin Castle er eit slott i Dublin. Det var sete for den britiske administrasjonen i Irland fram til 1922. Det meste av bygningen er frå det 1700-talet, men det er att nokre restar av det opphavlege mellomalderslottet som blei reist under Johan av England, den fyrste lorden av Irland. Slottet var allereie frå starten av administrasjonssenteret på øya, i kraft av å vera kongeleg residens.

Gjennom hundreåra har slottet også vore residens for den irske statthaldaren, også kjent som den irske visekongen. Leilegheita til visekongen blir rekna som nokre av dei flottaste romma i Dublin, og blir mellom anna brukt ved innsetjing av presidenten i landet. I nokre periodar har slottet også blitt brukt av parlamentet og ulike domstolar, og det har vore militærgarnison.

På grunn av den sterke tilknytinga til den britiske administrasjonen har namnet Dublin Castle vore brukt både om bygningen og om administrasjonen. Ein fekk også skjellsordet Castle Catholic, som blei nytta om katolikkar som blei oppfatta som for vennligsinna mot britane.

Dei irske kronjuvelane blei oppbevarte i slottet. Dei blei stolne derfrå i 1907, og har ikkje kome til rette.

Den irske fristaten blei oppretta i 1922 blei bygningen overteken av domstolar, ettersom Four Courts blei øydelagd same året. Etter at desse flytta ut blei bygningen teken i bruk til statsseremoniar. Eamon de Valera tok imot akkrediteringar frå ambassadørar der i 1930-åra, og i 1938 blei slottet for fyrste gong brukt ved innsettinga av ein president, Douglas Hyde. President Erskine Hamilton Childers låg på lit-de-parade der i november 1974, og det same gjorde de Valera i september 1975. Det einaste statlege organet som har fast tilhald der er Office of the Revenue Commissioners.

Slottet er også ein turistattraksjon, og etter ei omfattande renovering er det blitt nytta som konferansesenter. Medan Irland hadde presidentskapet i EU var det møtestad for Det europeiske rådet ved fleire høve. Når det ikkje går føre seg statsseremoniar eller møte som krev spesiell tryggleik der er det meste av slottet ope for allmugen. Blant romma som er opne er St. Patricks hall, ballrommet der presidentinnsetjingane finn stad, og leilegheita til visekongen. Per 2006 var den siste som hadde overnatta i dei kongelege romma Margaret Thatcher, som var der saman med mannen sin Dennis under eit møte i Det europeiske rådet i 1979.

Dublin Castle er eigd av den irske staten og blir halde ved like av Office of Public Works.

    Bakgrunnsstoff

    [endre | endre wikiteksten]
    BERJAYA Commons har multimedium som gjeld: Dublin Castle