close
Hopp til innhald

Abigail Adams

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Abigail Adams
BERJAYA
StatsborgarskapUSA, Det sameinte kongeriket Storbritannia og Irland
Fødd22. november 1744
Weymouth
Død

28. oktober 1818 (73 år)
Quincy

Yrkepolitikar, skribent
Språkengelsk, latin, fransk
ReligionKongregasjonalistkirken[*]
FarWilliam Smith
MorElizabeth Quincy
EktefelleJohn A. Adams
Abigail Adams på Commons

Abigail Adams (11. november 174428. oktober 1818) var den andre fyrstedama i USA, og blir rekna for å vere blant dei første feministane i moderne politisk historie. Ho var gift med president John Adams, den andre presidenten i USA, og mor til president John Quincy Adams.

Adams blir hugsa for breva ho skreiv ektemannen medan han deltok på den kontinentale kongressen i Philadelphia. John Adams søkte råd hos kona i mange saker, og brevvekslinga deira inneheld intellektuelle diskusjonar om både forvalting og politikk. Breva er også sterke augevitneskildringar frå Den amerikanske sjølvstendekrigen.

Abigail Adams døydde av tyfus i 1818.

I TV-serien John Adams frå 2008 er ho tolka av Laura Linney.