close

Bab, meir nøyaktig bāb باب, er arabisk og tyder 'dør', 'port' og 'inngang'. I stadnamn blir bāb også brukt om eit sund eller strete (bokmål strede), som i Bāl al-Mandab باب المندب 'Mandebsundet, Mandebstretet'.

Faktaboks

I fleirtal heiter det abwāb ابواب og bībān بيبان.

Babylon

Det greske namnet Babylon (Babulṓn Βαβυλών) er lånt frå akkadisk Bāb-ilim 𒆍𒀭𒂊𒉋, som tyder 'guds port' eller 'gudens port'. Det akkadiske substantivet bāb tyder 'port, dør', akkurat som på arabisk, medan ilim er genitiv eintal av ilum 'gud'.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må vere logga inn for å kommentere.

eller registrer deg