close
Hopp til innhald

Vaskesetel

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
BERJAYA
Engelskspråkleg vaskesetel med omtalar frå fleire viktige personar.

Ein vaskesetel, frå tysk Waschzettel, er bokstavleg ei liste som følgjer klede som blir sende på vaskeri.

Nemninga vert i dag helst nytta i ei overført tyding om førehandsomtale av bøker, trykt på baksida av omslaget til boka som vert omtalt. Det er forlaget som skriv denne omtalen, gjerne med eit stutt referat av handlinga i boka, slik at interesserte lesarar skal få lyst til å lese vidare. Vaskesetelen plar òg presentere forfattaren og noko av det han har publisert tidlegare.

Omgrepet kan òg brukast om tilsvarande førehandsomtale som forlaget sender til bokhandlar og aviser som ledd i marknadsføringa av ei ny bok, anten teksten er trykt i ei brosjyre eller er lagd ut på forlaget sine nettsider. Omgrepet vart første gong bruka i denne tydinga i 1873.[1]

Tilsvarande kan omgrepet vaskesetel òg brukast om filmomtalar, anten dei er trykte på baksida av filmomslaget eller er sende ut til utleige- og salsstader.

  1. «Vaskeseddel» på Kunnskapsforlagets Store Norske leksikon 1981, ISBN 82-573-0036-5