Sjimpansar
Utsjånad
| Sjimpansar | |
Sjimpanseungar i Kongo-Brazzaville. Foto: Delphine Bruyere | |
| Utbreiing | |
Kart som viser utbreiinga til ulike sjimpansar. Dvergsjimpansen lever i det raude området, ulike underartar av vanleg sjimpanse i dei andre. | |
| Systematikk | |
| Rike: | Dyr Animalia |
| Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
| Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
| Klasse: | Pattedyr Mammalia |
| Orden: | Primatar Primates |
| Familie: | Hominidae |
| Understamme: | Panina |
| Slekt: | Sjimpansar Pan Oken, 1816 |
Sjimpansar (Pan) er ei slekt primatar med to arter, vanleg sjimpanse (Pan troglodytes) og dvergsjimpanse eller bonobo (Pan paniscus). Sjimpansen lever i Vest- og Sentral-Afrika medan dvergsjimpansen lever i Kongo-Kinshasa. Dei to artane er skilde av Kongoelva. Begge er rekna som truga.
Sjimpanseslekta er nærast nolevande slektningar til mennesket. Ein reknar med at slektene Pan og Homo skilde lag for 4-7 millionar år sidan. Sjimpansane og dvergsjimpansane skilde lag for 1–2 millionar år sidan, kanskje i samband med at Kongoelva blei til for rundt 2 millionar år sidan.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Schimpanser» frå Wikipedia på svensk, den 15. juni 2010.
