close
Hopp til innhald

Leicester

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Leicester
by
BERJAYA
Land BERJAYA England
Region Leicestershire
Areal 92,0 km²
Folketal 368 600 (2021)[1]
Grunnlagd 50 evt.
Postnummer LE
Retningsnummer 0116
Kart
Leicester
52°38′10″N 1°07′59″W / 52.636111111111°N 1.1330555555556°W / 52.636111111111; -1.1330555555556
Wikimedia Commons: Leicester

Leicester (uttalt Listeni/ˈlɛstər/, LES-tər[2]) er ein by og ei sameint styresmakt i East Midlands i England. Han er òg hovudbyen i Leicestershire. Byen ligg ved elva Soar og ved utkanten av National Forest. Leicester har tett opp under 300 000 innbyggjarar, den største i East Midlands, medan kring 440 000 bur i det større urbane området. Storbyområdet kring Leicester hadde 559 017 innbyggjarar i 2021, slik at Leicester var det 11. folkerikaste byområdet i England[3] og det 13. folkerikaste i Storbritannia.

Leicester er ein av dei eldste byane i England, med ei soge som går minst to tusenår tilbake.[4] Britonske jernalderfolk ser ut til å ha utvikla ein busetnad ved elva Soar på 100-talet eller 1. hundreåret fvt., rundt eit hundreår før romarane kom til staden.[5] Under romarane var staden ein militær utpost kalla Ratae Corieltauvorum, busett av den keltiske stamma corieltauvi. Ein kan framleis sjå restane etter gamle romerske fortau og bad i Leicester.

Etter at det romerske samfunnet forsvann tidleg i mellomalderen veit ein lite om Ratae Corieltauvorum, men då busetnaden vart erobra av vikingane vart han ein av fem festningsbyar som var viktig for Danelagen. Namnet «Leicester» meiner ein kjem frå orda castraen til «Ligore», som tyder ein leir ved elva Legro, eit tidleg namn på elva Soar. Leicester er nemnd i Domesday Book som «Ledecestre». Leicester voks gjennom den tidlege moderne perioden som ein kjøpstad, sjølv om det var først under den industrielle revolusjonen at byen verkeleg starta å vokse i form av uplanlagd urbanisering.

Ein ny jernbane og eit kanalnettverk gjennom området stimulerte industrien i området på 1800-talet, og Leicester vart eit stort økonomisk senter med mange produsentar innan ingeniørvitskap, skoproduksjon og ullvarer. Den økonomiske suksessen til desse industriane og føretaka desse førte med seg gjorde at byen utvida seg utover den omliggande landsbygda. Grensene til Leicester vart utvida gjennom 1800- og 1900-talet, og han vart ein bykommune i 1889 og fekk bystatus i 1919.

I dag ligg Leicester langs Midland Main Line og nær motorvegen M1. Byen har ein stor etnisk minoritet, særleg folk av sørasiatisk opphav, som i særleg grad har kome til Storbritannia etter den andre verdskrigen. Leicester er eit senter for høgare utdanning med både Leicester University og De Montfort University i byen.

  1. https://www.ons.gov.uk/visualisations/censuspopulationchange/E06000016/.
  2. «Leicester», Merriam-Webster Dictionary, arkivert frå originalen 19. september 2015, henta 28. august 2015
  3. «UNITED KINGDOM: Urban Areas in England». City Population. Arkivert frå originalen 8 April 2018. Henta 26 April 2023.
  4. W. G. Hoskins, "Leicester" History Today (Sep 1951) 1#9 s. 48–56.
  5. «Archaeology Data Service». Archaeologydataservice.ac.uk. Henta 27. juni 2022.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
BERJAYA Commons har multimedium som gjeld: Leicester