close

Faktaboks

Nils Lavik

Nils Andresson Lavik; Nils A. Lavik

Fødd
8. januar 1884, Eksingedalen i Vaksdal
Død
14. juli 1966, Vaksdal
Virke
Kristenleiar og politikar
Familie

Foreldre: Bonde, ordførar og stortingsrepresentant Anders Johannesson Lavik (1852–1941) og Brita Nilsdotter Almelid (1850–1936).

Gift 2.7.1904 med Anna Jakobsdotter Nesheim (9.2.1884–18.2.1947), dotter til bonde Jakob Larsson Nesheim (1850–1896) og Guri Helgesdotter Århus (1856–1938).

Brorson til Andreas Lavik (1854–1918), Johannes Lavik (1856–1929) og Dore Lavik (1863–1908); fetter til Herbrand Lavik (1901–1965).

BERJAYA
Av /Stortingsarkivet.

Nils Lavik var ein norsk lekmannspredikant, den første stortingsrepresentanten for Kristeleg Folkeparti (1934) og formann i KrF i åra 1938–1951. Både som formann og stortingsrepresentant forma han partiet sin politikk dei fyrste åra.

Lavik hadde fleire stillingar og tillitsverv innan Det Vestlandske Indremisjonsforbund (no Indremisjonsforbundet) i store delar av sitt vaksne liv. Han var bedehuset sin mann, ein farande emissær og ein framståande kristenleiar på Vestlandet. Han var ein framifrå preikar, med stor evne til å fortelje og forkynne frå bedehus til bedehus.

Bakgrunn

Lavik var fødd inn i ei slekt i Eksingedalen i Vaksdal som hadde fostra mange kristenleiarar. Det er hevda at Lavik-slekta forma det vestlandske kristenfolket, ikkje minst i dei fyrste tiåra av 1900-talet. Kristendom og norskdom gjekk i eitt hjå Nils Lavik. Han la vekt på å nytta det nynorske målet både i skrift og tale.

Lavik fekk ikkje mykje formell utdanning, men saug desto meir til seg av kunnskap dei to vintrane han var elev – eitt år ved Framnes ungdomsskule og eitt ved Voss Folkehøgskule. Det fall naturleg for han å ta til som bureisar i heimegrenda etter desse to åra, 20 år gamal. I åra 1904–1914 arbeida han med jordbruk.

Organisasjonsarbeid

Men hugen til åndsarbeid var sterk, og han hadde sterke kallsopplevingar. Då Det Vestlandske Indremisjonsforbund (DVI) kalla han til emissær, sa han ja med det same. Nokon utprega vekkingstalar var han ikkje. Knapt kan det seiast om han at han var bibellærar heller. Folketalaren låg nærare for han.

DVI såg at Lavik var ein mann med store evner og gåver. Dei kalla han til nye oppgåver. Organisasjonen sleit tungt, og bad Lavik om å verta generalsekretær. Han verka som generalsekretær i forbundet i åra 1922–1927. For Lavik vart nok dette litt tunge år, med mykje administrasjon og for lite tid og høve til å virka ute blant folket. Alt 1927 vart han medlem av styret for DVI, og han overtok som formann i 1932. Dette vervet hadde han heilt fram til han i 1950 gjekk ut or styret.

Lavik redigerte vekeavisa Sambåndet i åra 1933–1941 og 1933–1941, og frå 1918 til 1954 var han formann i Vestlandske Broderring. Han var òg med i styret for Kristenfolkets Edruskapsråd i fleire år, for det meste som formann.

Lærar

Lavik vart lærar og sidan rektor ved bibelskulen til DVI, Bildøy (på Sotra), i åra 1926–1933. Han gjekk med ope sinn inn også i denne stillinga og gjorde godt arbeid. Etter nokre år som reisande emissær tok Lavik seg arbeid som lærar i grunnskulen, fyrst i Bergen, så i heimbygda.

Seinare skreiv han sterke ord om læraryrket. Han såg kor umåteleg viktig det var å forma borna alt frå dei var små, og kor sentral oppgåve læraren hadde i dette, saman med foreldra.

Politikk

Lavik viste tidleg interesse for politikk, og politisk sokna han til Venstre. Han vart føreslått som kandidat til stortingslista alt frå 1931, men på nominasjonsmøtet i Hordaland i 1933 var det spenningar. Eit mindretal gjekk sterkt inn for Lavik, men tapte. Det førte til at framståande bedehusfolk i Hordaland reiste spørsmålet om ei eiga liste. Etter kvart vart Lavik invitert til å stå øvst på den lista. Lavik måtte overtalast til å stilla på lista. Han nølte ikkje av di han tvila på partiet, men meir av di han tvila på om han var rette mannen.

Det vart den første lista for Kristeleg Folkeparti. Lavik vart vald på Stortinget frå Hordaland frå 1933 og sat til 1951. Frå starten av var han åleine i si partigruppe. Han var parlamentarisk leiar i dei 20 åra han var på Stortinget, og han var også formann i KrF frå 1938 til 1951.

I mange år var Lavik formann i DVI samtidig som han hadde sitt arbeid i Stortinget. Dermed vart det nær kontakt mellom det kristelege og det politiske.

Brytingstid

Lavik fekk mange veljarar i ei tid med sterke motsetningar i spørsmål om kristen moral og tru. Arnulf Øverlands utfall mot kristendomen, teaterstriden om Guds grøne enger av Marc Connelly og liberal teologi gjorde inntrykk. Og Johan Ludwig Mowinckel, den fremste leiaren for Venstre, stod utanfor statskyrkja. Dessutan var det økonomisk krise på trettitalet. Arbeidarpartiet mobiliserte. Det stod om nasjonale og kristelege verdiar, var det mange som meinte.

Interessefelt

Lavik talte mest om moralspørsmål, om fråhald, abort, skule og opplæring til tru. Men han var òg mykje oppteken av vilkåra på bygdene, der det helst var sparsame kår. I den økonomiske politikken orienterte han seg mest mot Venstre.

Krigsåra

Då det internasjonale klimaet kveste seg på trettitalet, var Lavik svært uroleg for kva som kunne skje mellom stormaktene. Han valde å orientere seg mot ei konsekvent linje av nøytralitet. Han var imot opprusting, men gjekk inn for å løyve meir midlar til «vaktvern» langs kysten.

andre verdskrigen kom i 1940 og det tyske okkupasjonsstyret etablerte seg, kravde rikskommissær Terboven at kongen skulle avsetjast og eit nytt styre skulle ta over statsstyringa. Lavik valde ei kvass linje i dette spørsmålet: Kongen skulle ikkje fellast! Men snart vart okkupasjonsstyret stadfest med makt. Dei politiske partia vart avskaffa. Lavik vende tilbake til Eksingedalen og byrja snart etterpå som predikant att.

Etterkrigstida

I 1945 kom Lavik tilbake – no i rikspolitikken, saman med åtte representantar frå Kristeleg Folkeparti på Stortinget. Han støtta «Fellesprogrammet» saman med dei andre partia. Men elles var han mykje oppteken av sosiale spørsmål og orienterte seg seinare varsamt mot Arbeidarpartiet i sosiale spørsmål. Men for dei moralske spørsmåla stod han – som før – kvast imot Arbeidarpartiet.

Ettermæle

Mannen Nils Lavik står mot ein bakgrunn av høge og steile fjell. Og noko av det urokkelege ved fjella fann ein også i hans karakter. Men bakgrunnen er ikkje berre fjell. Ein finn også det mjuke og vare hjå han. Både som kristenleiar og politikar mislika han strid. Han var mild og venleg.

Utan at omgrepet vart nytta då, var Lavik ein sentrumspolitikar, som på mange måtar måtte finna sin eigen politiske veg. Aftenposten skreiv i minneordet etter han at Nils Lavik var «en av de mest særpregede skikkelser på Stortinget». Han var fråhaldsmann og målmann, på same tid kristeleg og nasjonalromantisk innstilt. I moralske og kulturelle spørsmål var han djupt rotfesta i indremisjonssynet.

Nils Lavik vart utnemnd til riddar av 1. klasse av St. Olavs Orden i 1964. Ein byste av han, utført av Øystein Laupsa, vart sett opp ved kyrkja på Flatekval om lag hundre år etter han vart fødd. Det finst to målerier av Lavik, utførte av O. Skagen (1930) og Lars Osa (1951).

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Eide, Bernhard: Det Vestlandske Indremisjonsforbund gjennom 50 år. Bergen 1948
  • Helland, Kristian: Pietist i kulturkamp : Nils Lavik og framveksten av Kristeleg folkeparti. Bergen 2003
  • Hunnestad, Steinar: nekrolog i Fast Grunn nr. 4/1966
  • Kleppa, Johannes: Til Herrens ære. Bibelskolen Bildøy-Bergen 1888–1988, Bergen 1988
  • Kleppa, Johannes og Odland, Paul: Ordets Folk. Det Vestlandske Indremisjonsforbund 100 år, 1898–1998, Bergen 1998
  • Lomeland, Arne R.: Kristelig Folkeparti blir til. Oslo 1971
  • Nordby, Trond (red.): Storting og regjering 1945–1985 (artikkel om Nils Lavik på side 435). Oslo 1985
  • Odland, Paul: biografi i Norsk biografisk leksikon, bind 6. Oslo 2003
  • Sandvoll, Hans: artikkel i Sambåndet nr. 1/1954
  • Sjursen, F. W.: Indremisjon i en ny tid. DVI 1898–1973, Bergen 1973
  • Solhjell, Kåre Olav: Tru og makt. Kristelig Folkepartis historie 1933–2008. Oslo 2008
  • Sæter, Odd Jostein (red.): Kristelig Folkepartis historie 1933–83. Bergen 1983

Faktaboks

Nils Lavik
Historisk befolkingsregister-ID
pf01036696000878

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må vere logga inn for å kommentere.

eller registrer deg