Holsnøy er ei øy i Alver kommune, Vestland fylke. Øya ligg nordvest for Bergen, mellom Askøy og Radøy. I 2017 hadde øya 7500 innbyggjarar, og ho utgjorde då størstedelen av den tidlegare kommunen Meland med 94 prosent av befolkninga i kommunen og 96 prosent av arealet. Terrenget er småkupert, og det høgaste punktet på Eldsfjellet måler 324 meter over havet. Landskapet er myrlendt og rikt på større og mindre vatn. Strandlina er enkelte stader sterkt innskoren.
Busetjinga er tettast i søraust omkring det tidlegare kommunesenteret Frekhaug, likeins langs Herdlefjorden i sørvest. Det er fastlandssamband ved fylkesveg 564 via Krossnessundbrua til Flatøy og vidare langs E39, både over Hagelsundbrua nordaustover til Knarvik og over Nordhordlandsbrua søraustover til Bergen. I Frekhaug tettstad ligg Nordhordland Folkehøgskole.

Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.