close
BERJAYA
Dagali museum.

Dagali er ei fjellbygd i Hol kommune, i Buskerud fylke, som ligg omkring øvre del av Numedalslågen. Dagali ligg mellom fylkesgrensa mot Vestland fylke på Hardangervidda i vest og Pålsbufjorden i aust.

Dagali har om lag 120 innbyggjarar. Den faste busetjinga finn ein frå snautt 800 til vel 900 meter over havet. Storparten av busetnaden ligg i den sørvende dalskråningen på nordsida av Numedalslågen. Der ligg òg Dagali kyrkje (821 meter over havet) frå 1850.

Dagali er ein av dei høgastliggjande bygdene med permanent landbruksdrift i Noreg. Stedet har og fleire håndtverks- og turistbedrifte mellom anna eit par raftingselskaper. Dagali har mange hytter og stor ferietrafikk, og kortbaneflyplass (Geilo lufthamn), gokartbane og bygdetun. Fylkesveg 40 Numedal–Geilo går over Dagali. Fjellpartiet mellom Dagali og Uvdal blir kalla Dagalifjell.

Saman med Skurdalen utgjer Dagali eit kyrkjesokn (Dagali og Skurdalen) som ihar omlag 320 innbyggjarar. Før 1944 høyrde Dagali til Uvdal kommune i Numedal.

Namnet er ikkje sikkert forklart, men betyr kanskje 'lia som vender mot dagen', det vil seie mot sola når ho står høgast.

Kart

BERJAYA
Dagali
Av /Statens kartverk.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må vere logga inn for å kommentere.

eller registrer deg