julenissen
Julenissen kjem heim til folk med julegåver, særleg til barn. Gåvene har han i ein sekk på ryggen. Her er nissen på eit gamalt postkort frå USA.
Historie
Forskarar meiner at julenissen er funne på ut frå historier om Sankt Nikolaus, ein prest på 300-talet. Sankt betyr heilag. Nikolaus skal ha vore ein snill mann som hjelpte folk. Han gav gåver til fattige. I mellomalderen blei det vanleg å gje små gåver på festdagen hans, 6. desember.
I Nederland kalla dei Nikolaus for Sinterklaas. Sinter betyr òg heilag. Klaas er den korte forma for namnet Nikolaus i Nederland. Det nederlandske namnet er altså ei omsetjing av namnet Sankt Nikolaus.
Dei som utvandra frå Nederland tok med seg Sinterklaas til USA. Der blei namnet endra til Santa Claus. Det er Santa Claus som først blei vist med slede trekt av reinsdyr. Denne amerikanske figuren kom òg til Norden etter kvart.
Denne julenissen blei først populær i Oslo og austlandsområdet, før han spreidde seg til resten av landet.
Den norske nissen
Figuren julenissen og nissar frå norsk folketru har blitt blanda saman. I starten var namnet det einaste dei hadde felles. Nisse kjem frå namnet Nils. Det er ei nordisk form av Nikolaus.
Nissar i folketrua er overnaturlege vesen. Overnaturleg betyr at dei ikkje finst i naturen. Desse nissane er små. Dei har skjegg, grå klede og raud lue. Ein nisse bur på garden. Han hjelper til med dyrepasset viss han får mat av og til. Får han ikkje mat, kan han gjere dyra sjuke. Framleis er det fleire nordmenn som set ut graut til julenissen på julaftan.
Fleire land i Europa hadde på 1800-talet forteljingar om ein «julemann». I Noreg høyrte og las ein forteljingar om han frå Danmark og Tyskland.
Julenissen i dag
I familiar med barn er det vanleg at éin i familien kler seg ut som julenissen. Når personen kjem inn, spør hen om barna er snille, før gåvene blir delt ut. Folk byrja med dette på 1930-talet, og mange gjer det framleis.
I andre land, for eksempel USA og Storbritannia, fortel ein barna at julenissen kjem medan dei søv. Då finn dei gåvene når dei står opp om morgonen 25. desember.
Det er laga mange filmar og songar om julenissen. Mange tenkjer difor på julenissen, når dei tenker på jul. Store firma, som Coca-Cola, har kjende reklamefilmar med julenissen i.
Fleire byar i verda seier at julenissen bur der. Det gjer dei for å trekkje til seg turistar. Rovaniemi i Finland er ein slik by. Drøbak i Noreg er ein annan. Oslo kommune tok i mange år imot post som var adressert til Julenissen på Nordpolen.
Rampenissen
Rampenissen er blitt ein populær figur i familiar med barn. Frå 1. desember lagar dei vaksne i heimen artige overraskingar som rampenissen liksom har gjort om natta, medan alle søv.
